Håkon
(-1267)
N. N.
Tore Håkonsson
(-1317)

 

Familie

Ægtefæller/børn:
1. Ingebjørg Erlingsdatter

Tore Håkonsson

  • Ægteskab (1): Ingebjørg Erlingsdatter i 1276
  • Død: 1317
Billede

punkttegn  Notater:

Gjennom femti år og under tre kongar utførte Tore Håkonsson ei viktig, kompetent og omfattande teneste i norsk riksstyring. Det skjedde dels gjennom lokalombod som syslemann og dels som framståande forhandlar og rådgivar i utanrikssaker. I første del av sin karriere hadde han også viktige oppgåver i det sentrale forvaltningsapparatet.

Tore Håkonsson er første gong nemnd 1271, da han med kanslartittel besegla eit kongebrev om bygging av kyrkje på Voss. Truleg overtok han som kongens kanslar 1270 etter Askatin. At han aksla ein så viktig styringsfunksjon i embetets tidlege oppbyggingsfase vitnar om administrativ erfaring og innsikt og om eit nært tillitsforhold til kongen. Når vi så veit, frå Árna saga biskups, at Tore var juridisk skolert (kanonisk rett), og dermed truleg hadde studert i utlandet, er det rimeleg å slutte at han også var aktivt med i dei omfattande lovrevisjonane kong Magnus sette i gang frå midten av 1260-talet. Sommaren 1273 fekk han saman med Audun Hugleiksson i oppdrag av kongen å vere observatør under dei kyrkjelege rettsforhandlingane som galdt striden om herredømet over lokalkyrkjelege institusjonar på Island (staðamál). Han var nokså sikkert med på Borgartinget 1276, der lovtak av landslova synest å ha vore ei hovudsak.

Som kanslar deltok Tore på riksmøtet i Bergen sommaren 1273, der det første konkordatet mellom kyrkja og kongedømet i Noreg vart inngått. Han var blant dei verdslege stormennene som besegla avtalen. August 1277 er han blant baronane i Tønsberg som medbeseglar, garanterer og sver eid til det endelege konkordatet (sættargjerda) mellom kyrkja og kongedømet. Ein gong før 1273 må han ha fått lendmanns rang, som 1277 altså er konvertert til baron. Han blir siste gong omtalt som kanslar 1276, og stutt tid etter må han ha forlate embetet. Det har truleg samanheng med at han gjekk over i lokalt styringsombod på Austlandet.

På regelmessig basis var Tore dermed ikkje lenger med i det sentrale forvaltningsapparatet. Han deltok såleis ikkje i formyndarstyret etter at kong Magnus døydde 1280, og han heldt seg utanfor den bitre kyrkjestriden tidleg i 1280-åra. Men samtidig må ikkje minst giftarmålet med Ingebjørg Erlingsdotter hausten 1276 ha styrkt Tores stilling overfor kongen og kongedømet, og dermed også hans politiske \endash og økonomiske \endash posisjon blant rikets stormenn. Ingebjørg, som kom frå ei godsrik ætt, var nemleg tremenning til kong Magnus, og kongen var heidersgjest i bryllaupet deira.

To heilt ulike karrierevegar kom til å prege Tore Håkonssons livsløp frå 1280-åra til han døydde: rolla som aktiv sendemann og forhandlar i utanrikstenesta, og arbeid i lokalforvaltninga, i all hovudsak som syslemann i Skienssysla. Alt tyder på at han greidde å samkjøre desse tenestevegane, i den forstand at han aldri gav opp sine lokale styringsposisjonar for ein fulltids profesjonell diplomatkarriere.

Først og fremst må det ha vore juridisk skolering og språkleg og prosessuell trening som førde Tore til arbeid i utanrikstenesta. Alt 1276 var han med i kongens følgje til landsenden, der kong Magnus skulle mekle i den svenske tronstriden. 1287 medbesegla han kongens og hertugens vernebrev for dei danske fredlause, og 1289 leia han eit sendelag til den engelske kongen for å forhandle om norske interesser i samband med Margrete Eiriksdotters overtaking av Skottlands trone. Han arbeidde svært aktivt i England denne hausten og er nemnd først blant dei norske utsendingane som i Salisbury november 1289 \endash på kongens vegner \endash garanterte ein detaljert treriksavtale (Noreg\endash England\endash Skottland) om Margrete som Skottlands dronning og arving. Det var truleg på denne tida han også tilbaud si teneste til den engelske kongen og søkte om å bli hans riddar. Samtidig bad han kong Edvard om hjelp til forsoning mellom svogeren Alv Erlingsson og Noregs konge. Utfallet av desse intervensjonane er ikkje kjende.

Saman med biskop Narve av Bergen leia Tore sendeferda som hausten 1290 skulle bringe jomfru Margrete til Skottland. Med i følgjet var også kona hans, Ingebjørg Erlingsdotter. Da jomfrua døydde på Orknøyane før ankomsten til Skottland, måtte Tore og dei andre gjere den tunge vendereisa til Bergen med det døde barnet. Tore var også seinare i aktiv teneste for kongen på dei britiske øyane. Såleis fekk han 1297 engelsk leidebrev for å forhandle på vegner av kong Eirik i England. Dette oppdraget hadde temmeleg sikkert samanheng med at Noreg 1295 tok Frankrikes parti i den fransk-engelske konflikten. Elles var Tore rådgivar for kongen og hertugen i den avgjerande forhandlingsfasen med dei tyske sjøbyane i Tønsberg sommaren 1294. Fleire gonger i 1290-åra deltok han på leidangstog i danske farvatn, og 1295 var han blant dei norske garantane for den preliminære norsk-danske fredsavtalen som vart inngått i Hindsgavl.

Også i Håkon 5 Magnussons regjeringstid møter vi Tore i ulike oppdrag på utanriksplanet. Han var med i kongens leidang til Danmark 1300 og stod som medbeseglar av nordiske fredsavtalar i åra 1309\endash 10. Den langvarige diplomatiske og utanrikspolitiske karrieren gav sjølvsagt Tore Håkonsson ei reell rådgivande rolle for riksstyret på dette saksfeltet. Men han vert aldri formelt omtala som rådgivar for kong Eirik, og først 1312 blir han uttrykkeleg omtala blant kong Håkons rådgivarar. Det har vore antatt at han var medlem av kong Håkons råd, men dette er usikkert.

Viktige posisjonar i lokalforvaltninga sette sjølvsagt skrankar for ein permanent og stabil rådsfunksjon sentralt. Tores lokalombod på Austlandet går altså tilbake til slutten av 1270-åra, og det er sannsynleg at kongen alt nå gjorde han til syslemann i Skienssysla. Likevel er det først på 1300-talet vi har dokumentarisk materiale om hans virke der. Såleis gjorde han 1302 ei embetsreise gjennom Telemark, og så seint som 1315 utferdar han provsbrev i ei lokal drapssak. Truleg sat Tore i embetet til han døydde 1317. Sonen Håkon Toresson (død ca. 1330) overtok Skienssysla etter faren.

Tore Håkonsson samla seg etter kvart betydelege jordegods, både gjennom arv og giftarmål, og truleg også gjennom kjøp. I korrespondanse til og frå den engelske kongen blir han regelmessig nemnd som Tirricus de campis ludi, der 'campis ludi' temmeleg sikkert siktar til garden Lekum ('Leikvang') i Eidsberg. Det har vore gissa på at han fekk hand om denne garden som mødrearv. Jordeboksmateriale syner at han åtte jordegods også andre stader i Østfold, langs begge sider av Oslofjorden og på Romerike. Seinare korrespondanse dokumenterer dessutan at Tore hadde tileigna seg odelsjord på Orknøyane.

I det første brevet der Tore er nemnd, blir han i tillegg til kanslar titulert "sira". Det syner at han var presteutdanna, og ein kan ikkje utelukke at han også var prestevigd. Dette er likevel mindre sannsynleg, både fordi han gifte seg, og fordi han fekk verdsleg rang som baron. Tores våpenskjold var delt i to halvsirklar, eine sida prydd med stjerner, den andre med ei halvlilje.

Tore Håkonsson kan stå som prototypen på dei "embedsdyktige rikstjenere som gav den norske riksstyringen fasthet i tiden omkring 1300" (Per Sveaas Andersen). Hans arbeid var prega av lojalitet til kongedømet, noko som ikkje alltid var like sjølvsagt blant tidas toppdiplomatar. Profesjonalitet, og ikkje eigne politiske ambisjonar, synest å ha vore den viktigaste rettesnora i hans mangslungne og lange arbeidsdag.


Billede

Tore blev gift med Ingebjørg Erlingsdatter, datter af Erling Alvsson og N. N., i 1276. (Ingebjørg Erlingsdatter døde i 1315.)




Indholdsfortegnelse | Efternavne | Navneliste

Denne hjemmeside blev lavet 1 Jul. 2017 med Legacy 9.0 fra Millennia